I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Kristianhus held ope

Start av over 100 år gamal motor, nyrestaurerte Volda Semi diesel m.fl.

Tidspunkt for arrangement: 11:00, 1. juni 2024
Oppslag

I år er det fleire nyerstaurerte motorar som vert starta og vist for publikum, for fyrste gong: Semidiesel båtmotorar og dei heilt spesielle frislag stasjonær motorane, det finnes fleire av i samlinga.

Kristianhus båt- og motormuseum ligg ved elvi Vikja og nord for Best stasjon. I bygget er det utstilling av båtmotorar og nokre båtar. I andre etasje er det og utstilling om Dei reisande med ein båt nytta av dei, og produkt laga av dei reisande, som knivar, kjøkkenreiskap og anna.

Turistinformasjonen held til i Kristianhus. På Turistinformasjonen blir det selt is frå Alm gard, gamalost og jus frå Vik Meieri, lokallitteratur frå Vik og seinare på sommaren jordbær. Her kan og andre lokale produsentar få innpass.

Når cruiseturistane kjem til Vik vert dei losa gjennom bygningen, og bussane som skal frakta dei vidare står ved Kristianhus. Her er og ei utstilling og info-stand om norsk oppdrett og moderne kystkultur. Stiftelsen for Kristianhus har fått Firda Seafood som eig anlegget på Tenne til å stå for dette. Utstillinga var ferdig sommaren 2022. Det er bilete og filmar, og der er ein stor laks i tre.

Ein verkstad er her framleis, det har vore nytta av skuleelevar som har valfaget Praktisk arbeid. Dei har reparert syklar og skrudd på motorar.



Ekstern: kristianotterskred.no
Lat att