I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Vik Songlag

Held konsert i Vikjahalli

Tidspunkt for arrangement: 18:00, 28. mai 2023
Oppslag

Vik Songlag held konsert sundag 2. juni

Vik Songlag, med sin dirigent Tom Jarle Istad Kristiansen, held konsert i Vikjahalli sundag 2. juni kl 17. Koret byr på ein variert konsert med alt frå gospelsong til meir kjende melodiar. Koret har dei siste åra hatt tradisjon for å ha sin årlege vårkonsert i samband med Gamalostfestivalen. Koret har og gjennom fleire år arrangert eigne julekonsertar i ulike kyrkjer i kommunen.
Stadig fleire songglade vikjer møter på korøvingane og koret tel no nesten 40 medlemer. Songfellesskapet og songgleda gjer at medlemene har det svært kjekt på øvingane og stadig nye prosjekt gjer at songarane alltid har noko å øve til og sjå fram til.

Sist haust vart koret invitert til felleskonsert for alle kora Tom Jarle dirigerer. Konserten i Kristiansand domkirke der rundt 200 songarar deltok og eit publikum på fleire hundre kom på konsert, gjorde dette til ei oppleving for songarane i Vik Songlag. Inspirasjonen til eit eige gospelprosjekt vart og tent.
Koret har difor denne våren hatt samarbeid med Toneskredo frå Eidfjord og VossaGospel. Tom Jarle dirigerer alle tre kora og spleisa kora saman i eit eige gospelprosjekt, Gospelharmoni. Kora har øvd kvar for seg, men og hatt fellesøving på Voss. Prosjektet vart avslutta med ein skikkeleg konsertturnè. Fredag 19. april hadde kora konsert på Voss. Laurdag 20. april i Eidfjord og det heile vart avslutta med ein strålande konsert i Vik kyrkje søndag 21. april. Rundt 100 songarar og band med dyktige musikarar frå Kristiansand gjorde dette til ei spesiell konsertoppleving både for songarane og publikum. Stas at om lag 200 publikummarar deltok på konserten i Vik.
Kora er alt i gong med å tenkje ut nye samarbeidsprosjekt, så mest truleg vert det nye felleskonsertar neste vår.

Koret øver annankvar torsdag i Vikjahalli og alle songglade er hjarteleg velkomne.



Ekstern: Bilettsal
Lat att