Songlaget har dei siste åra hatt tradisjon for å ha sin årlege vårkonsert i samband med Gamalostfestivalen. Koret byr på eit variert program og har i vår øvt inn fleire nye songar som vert å høyre på konserten.
Koret har heile 38 songglade medlemmer. Songfellesskapet og songgleda gjer at både dirigenten, Tom Jarle Istad Kristiansen, og kormedlemmene har det kjekt på øvingane. Tom Jarle og koret har funne tonen og trivst godt i lag. Det kan eigentleg ikkje seiast ofte nok at alle i songkoret er glade for at Tom Jarle prioriterer å køyre til Vik annankvar veke slik at me kan møte på øving og synge saman. Songarar og dirigent gler seg til å presentere songane me har øvt på i vinter. Heldigvis får me fleire høve til å framføre nytt repertoar, 19. mai deltek koret på Vossagospel sin vårkonsert på Voss og 15. juni reiser koret til Lærdal for å delta på songarstemnet Norges Korforbund Sogn og Fjordane arrangerer i sognebygda.
Etter Gospelharmoni-samarbeidet med Vossagospel og Toneskredo, har kora halde kontakten og planlegg eit nytt korprosjekt våren 2026 med musikal musikk som tema. Til hausten kjem Vossagospel på gjenvisitt til Vik og deltek på haustkonsert. Koret har og gjennom fleire år arrangert eigne julekonsertar og tradisjonen tru arrangerer koret julekonsertar i byrjinga på desember i år og.
Koret øver annankvar torsdag i Vikjahalli og alle songglade er hjarteleg velkomne.