Det er igjen tid for folk å samlast og ha fine opplevingar saman på Gamalostfestivalen.
Velkommen til Gamalostfestivalen 2025.
Meir informasjon om Gamalostfestivalen 2025 kjem etter kvart
Endeleg festival program for årets festival
Påmelding, informasjon og anna som gjeld for Gamalostfestivalen 2025.
I år vert festivalen i pinshelgi som vanleg er. Me håper på godt ver og like god stemning som dei andre åri.
Det er Vik Idrettslag som formelt står for festivalen. Bak festivalen er eit styre som er sett saman av representantar for idrettslaget, ungdomslaget, musikklaget, songlaget, TINE Vik Meieri, Vik Næringssamskipnad og Gamalostlaget.
Inntektene frå festivalen går tilbake til lagi i Vik.
Innhaldet i festivalen er mykje likt frå år til år, og programmet i 2025 er mykje slik det var i 2024.
Programmet finn de på denne heimesida. Det heile startar på fredag med Kulturkvelden i Vikjahalli, med to førestillingar. Programvertar i år er Turid Kristine Brekke og Gjertrud Samland. Med seg på Kulturkvelden har dei mange aktørar. Det blir song, musikk og sketsjar og opptrinn.
Laurdag har eit rikhaldig innhald som byrjar med frukost på Kommuneplassen. Då vil Vik Musikklag spela, Sogn Sparebank deler ut gåver og Årets idrettsutøvar blir annonsert.
Av programmet elles nemner me konserten i Blixhalli med Vik Musikklag, Gamlekara og Gygrene. Det vert dans i Vikjahalli etter Kulturkvelden på fredag, utekonsert på Nyetorget laurdag med vårt eige band Ein Te, Krutrøyk og Crashville, Vik Songlag sin konsert i Vikjahalli på sundag, quiz på Blix hotell sundag og på laurdagen underhaldning ved meieriet og ved Kristianhus, torgsal og mykje meir.
Tusen takk til våre hovudsponsorar: Sogn Sparebank, Vik kommune, Statkraft, TINE, Sygnir, Coop, Spar og Blix hotell.
I år er det slik at billettsalet skjer på nett eller ved inngangen. For å vera sikra billett, er det lurt å kjøpa på førehand. Fylg instruksjon og lenke for førehandstinging.
Kontakt: Lars K. Hansen via epost: support@gamalostfestivalen.no