I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Fredagskafe på Blix hotell

Sidersmaking og Blix tapas

Tidspunkt for arrangement: 13:00, 22. mai 2026
Festival program

Fredag er det høve til å smaka på alkoholfri sider produsert i Sogn, frå Ølmheim siderhage. I tillegg blir det Blix tapas med blant anna gamalost sjølvsagt.

Sigrid Ølmheim vil fortelja om dyrking av frukt og bær og produksjonen av sider. Sider frå Sogn er no vorte ein beskytta tittel som t.d. champagne. Sider frå Sogn er ei fellesnemning for handverksbasert sider produsert i Sogn. 13 produsentar har gått saman. Mange kombinerer siderproduksjonen med reiseliv, gardsbesøk og matopplevingar. Dei deltek og på kurs, festivalar og andre arrangement og driv utviklingsprosjekt.

Sider i Sogn byggjer på lange og rike frukt- og sidertradisjonar i regionen.

Inngangspengar 150 kr som ein betaler via Blix hotell si heimeside. Dette er mest for å få oversikt over kor mange som kjem, men det kan vera mogeleg å koma utan å ha kjøpt billett på førehand.

Endre og Sigrid driv Ølmheim siderhage. Sigrid kjem til Blix hotell fredagen under Gamalostfestivalen.



Ekstern: siderfrasogn.no
Lat att