I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Kristianhus held ope

Underhaldning, start av gamle motorar, Bjørnis m.m.

Tidspunkt for arrangement: 11:00, 27. mai 2023
Festival program

Kristianhus båt- og motormuseum ligg ved elvi Vikja og nord for Best stasjon. I bygget er det utstilling av båtmotorar og nokre båtar. I andre etasje er det og utstilling om Dei reisande med ein båt nytta av dei, og produkt laga av dei reisande, som knivar, kjøkkenreiskap og anna.

Turistinformasjonen held til i Kristianhus. På Turistinformasjonen blir det selt is frå Alm gard, gamalost og jus frå Vik Meieri, lokallitteratur frå Vik og seinare på sommaren jordbær. Her kan og andre lokale produsentar få innpass.

Når cruiseturistane kjem til Vik vert dei losa gjennom bygningen, og bussane som skal frakta dei vidare står ved Kristianhus. Her er og ei utstilling og info-stand om norsk oppdrett og moderne kystkultur. Stiftelsen for Kristianhus har fått Firda Seafood som eig anlegget på Tenne til å stå for dette. Utstillinga var ferdig sommaren 2022. Det er bilete og filmar, og der er ein stor laks i tre.

Ein verkstad er her framleis, det har vore nytta av skuleelevar som har valfaget Praktisk arbeid. Dei har reparert syklar og skrudd på motorar.

I andre etasje er det ei utstilling om dei reisande. Der er ein båt som dei nytta. Det var slik at på Vestlandet reiste dei kringom i båtar, men på Austlandet for dei rundt med hest og kjerre. Ein kan og sjå ein del produkt laga av dei reisande. Det blir omvising her på laurdagen under Gamalostfestivalen. Ein etterkommar av dei reisande vil vera til stades, og artisten Bussi vil spela og syngja.

I fyrste etasje held og utstillinga med båtmotorar til, eit utval av alle dei båtmotorane Kristian Otterskred samla. Det vil og bli omvising her ved Lars Hansen.

Under Gamalostfestivalen vert det underhaldning med musikk, start av gamle motorar og besøk av Bjørnis og naudetatane, Brann, Politi og redning. Gjer merksam på at nokre av desse kan måtta dra ut på oppdrag, men planen er at alle skal komme på besøk klokka 11:00 laurdag.



Ekstern: kristianotterskred.no
Lat att