Vik Songlag held KorKafè i Vikjahalli 24. mai kl 14.
Songlaget har dei siste åra hatt tradisjon for å ha sin årlege vårkonsert i samband med Gamalostfestivalen, men sidan det vert Musikalkonsert saman med Toneskredo og Vossagospel 31. mai, vel me i år å innby til Korkafè.
KorKafè, ja kva er no det? Song med noko attåt kan me kanskje seie! Ål- koret som vitjar Vik under årets Gamalostfestival vil framføre Abba melodiar, songlaget vil by på ein smakebit i høve musikalkonserten, vidare vert det allsong, utloddning, kaffi og kaker.
Songlaget ynskjer alle hjarteleg velkomne til triveleg lag, song og gode kaker.
Gratis inngang