Tingsete Norsk Gamalostlag
Tingsetet (årsmøtet) vert sundag 24. mai kl 1400 på Ostebaren.
Om nokon vil melde inn sak til tingsetet lyt dette gjerast seinast to veker før via mail post@gamalost.no.
Me vil gå gjennom kva me har jobba med i året som har vore, i tillegg til vanlege årsmøtesaker. Det blir val og har du lyst å vera med i styret er du velkomen. Me oppmodar alle som kan og vil å stille til val slik at me sørgar for ostens framtid! Ta gjerne kontakt med oss så me får gjeve beskjed til valstyret om du vil bli med. Sakliste er årsmelding, val og evt innkomne saker.
Både medlemer og dei som elles vil kan delta på årsmøtet. Påmelding på Gamalostlaget si stand framfor Meieriet under Gamalostfestivalen. Om du ikkje rekk å melde deg på før, er du meir enn velkommen til å møte likevel.
Deltakaravgift for ikkje-medlemer er kr 300. Desse blir automatisk medlem i Norsk Gamalostlag og kr 200 av deltakaravgifta blir brukt til årskontingent for 2024. Deltakaravgift for medlemer er kr 100.
For påmelding eller meir informasjon, kontakt: Gamalostlaget via e-post: post@gamalost.no eller Aud Slettehaug tlf 47375739
For påmelding eller informasjon, kontakt: Gamalostlaget via epost: post@gamalost.no