I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Konsert i Hove kyrkje

Saxkvartetten j*bel

Tidspunkt for arrangement: 19:00, 23. mai 2026
Festival program

Laurdagskvelden under Gamalostfestivalen blir det konsert i Hove steinkyrkje kl 1900. Den eldste steinbygningen i Sogn frå 1170 har god akustikk og gjev ei høgtideleg ramme kring ein konsert. Den timeslange konserten blir ved fløytist Dora David, på piano Freek Ypma og den nyskipa saksofonkvartetten frå Vik. Dei kallar seg J*bel, ikkje Jubel, namnet er sett saman av førstebokstavane i namna til dei som spelar. Det er Jan Loopstra på altsax, Loek Laumans på sopransax, Elizabeth Simone Olsen-Wikestad på tenorsax og Bjarte Tjønn spelar barytonsax. Det vil bli spelt variert klassisk musikk, noko kvar for seg og noko samla.

Det er mogeleg å kjøpa billettar på førehand eller i døra. Hove kyrkje har plass til 70 tilhøyrarar.

Freek Ypma er opphavleg frå Haag i Nederland. Han har frå 1992 jobba som organist og pianolærar i Årdal kommune.
Dora David er frå Ungarn og spelar fløyte. Ho er korpsdirigent, og underviser ved Kulturskulen i Vik, Sogndal og Leikanger.
Den nyskipa saksofonkvartetten i Vik med det eigenarta namnet J*bel, sett saman av førenamna Jan, Bjarte, Elizabeth og Loek.

Barnebillett, halv pris. Ta kontakt på epost om ein ønskjer å bestille barnebillett.


For påmelding eller informasjon, kontakt: Gamalostfestivalen via epost: support@gamalostfestivalen.no


Ekstern: Billettar
Lat att