I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Kulturkveld 1

Med Visjon Tyleprat, Bukkeritt og Gygrene

Tidspunkt for arrangement: 19:00, 22. mai 2026
Festival program

Fredag 22. mai køyrer me to framsyningar, som vanleg, i Vikjahalli.

Øvingane har gått for fullt heile vårhalvåret, og me held oss framleis mykje i den norske folkekulturen. Visjon Tyleprat med Haugengutane kjem att med heilt nytt innhald, men der kjende andlet og talemåtar vert imiterte og påkosta ein god dose humor, berre slik som Rene og Trym kan.

Gygrene har øvd inn både folketonar og andre songbare tekstar, og framfører dei på glitrande jentevis. Dei tek også føre seg ei ”Heimfødingsvise” av Ottar Wiik.

Eit sidetema i år er dyrking av sterke enkeltindivid i dikting og lyrikk. Ragnar Hove les diktet ”Eg kryp” frå Jakob si diktsamling.

Teatergruppa har lagt seg i selen og pugga ”Bukkerittet” frå Peer Gynt, men Peer, det vil seia; Arnstein Hove, er ikkje på Gjendineggen på reinsjakt, men på Ovriseiggi. Dei store djupe Gluvredn midt på eggi gjer jakti endå meir krevjande enn om det hadde vore der Henrik Ibsen la originaljakti, på Gjendineggen. Arnstein kjem heim att, skamfaren og sundriven, og prøver å imponera mor si; Gunhild Brekke, om det vanvittige bukkerittet utetter Eggi, på ein skamskoten rein. Instruktør er Morten Holmberg.

Programleiar og kulturvert for kvelden er Hilde Espeland



Ekstern: Billettar
Lat att