I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Kulturkveld i Vikjahalli 2

Ingvild Bryn, Gygrene m.fl.

Tidspunkt for arrangement: 21:00, 26. mai 2023
Festival program

Som vanleg under Gamalostfestivalen vert det Kulturkveld i Vikjahalli på fredagen. Det vert to førestillingar, kl 1900 og kl 2100. Det gjer at ein kan få med seg både konsert i Hove kyrkje og Kulturkvelden. Etter siste førestilling spelar Gamlekara til dans.

I år er me så heldige å få Ingvild Bryn, vossataus og kjend frå Dagsrevyen, til å vera festleiar. Ho er ein svært habil pianist og vil både vera akkompagnatør og skal spela til allsong.

Mange aktørar vil vera i aksjon, og me kan nemna fiolinisten Terje Tønnesen som er omtala annan stad i avisa. Vidare kjem Gygrene, og Øyrakjerringane har vakna til live att. Det vert fleire med, men resten får vera overraskingar.

«Kan eg få mopeden din?»

Kulturkvelden i år er som vanleg eit dugnadsprosjekt der også Ingvild Bryn stiller som dugnadsarbeidar. Under oppveksten på Voss lærde ho at frivillig innsats frå eldsjeler er avgjerande for å halda oppe kultur- og idrettslivet, og også som vaksen i hovudstaden bruker ho mykje av fritida si på frivillig arbeid.
I sitt daglege arbeide i Dagsrevyen, arbeider ho med Ukrainakrigen og andre viktige og seriøse saker. På kulturkvelden er det ei anna Ingvild vi blir kjende med, både bak mikrofonen og tangentane. Oppgjeret ho får er blide fjes i salen, trivelege møte med bygdefolk og ho får vitja bror sin, Nils-Ingar. Og kanskje takkar ho ja til ei grovbrødskive med heimelaga gamalost frå Ragnar Hove og med Meieriet si frisktappa bringebærsaft til?

Med seg på scenen fredagskvelden vil Ingvild ha ein solid flokk, både lokale og tilreisande. Scenen på grendahuset er vanlegvis den fyrste satsplanken for unge og nye kulturberarar.

Og kva med mopeden? Det får du svar på på kulturkvelden!



Ekstern: Bilettsal
Lat att