I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Utekonsert under Gamalostfestivalen

Folk Flest og Plumbo

Tidspunkt for arrangement: 21:00, 4. juni 2022
Oppslag

Det vert utekonsert på laurdag på Nyetorget, to band skal spela. Folk Flest og Plumbo.

Folk Flest
Bandet frå Luster som har spelt i Vik mange gonger kjem til Gamalostfestivalen og skal spela på utekonserten på Nyetorget på laurdag, i lag med Plumbo. Då veit me at me er garantert god stemning med høg allsongfaktor. Publikum får høyra kjende perler frå ulike tidsepokar og sjangrar innan country og irsk musikk, men sjølvsagt og norske perler.

Songane er henta frå artistar som: The Dubliners, The Waterboys, Steve Earle, Johnny Cash, Dolly Parton, Staut, Hellbillies, irske tradisjonslåtar og Avicii. 
Med i bandet er Einar Bolstad: song, akustisk gitar, piano. Renate Skophamar: song. Mathilde Skjæret: fele, song. Tor Magne Kvamsdal: mandolin, steelgitar, el-gitar. Lars Berge Pedersen: banjo, el-gitar, akustisk gitar. Jan Frode Hellebø: bass og Arve Lomheim: trommer.

Plumbo
Plumbo er eit rockeband med medlemer frå Sande, Sandefjord og Ålesund. Dei syng på norsk og kom med sitt fyrste album i 2002. Mest kjende er dei truleg for songen «Møkkamann» som dei fekk Spellemannsprisen for i 2011 i klassen Årets hit. Stor hit vart og «Bade naken» frå 2017 som har millionar streamingar på Spotify. Dei har gjeve ut fleire album og har vore med i Melodi Grand Prix. Dei har samarbeida med duoen Staysman & Lazz, og gav ut låta "En siste gang". Dette resulterte også i ei rekke felleskonsertar både i 2017, 2018 og 2019, og gulltrofè for låta.

Billettar for dette arrangementet, følg lenkja under.



Ekstern: Billettar via ticket.co
Lat att