I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Gamalostlaget

Tingsete med Norsk Gamalostlag

Tidspunkt for arrangement: 16:00, 27. mai 2023
Festival program

Norsk Gamalostlag held Tingsete (årsmøte) under Gamalostfestivalen, laurdag kl 1600. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vil me orientera om laget si heimeside, Facebook-sida og bruken av Instagram. Det vert kultur og vidare underhaldning ved multitalentet Jens Brekke og ein matbit attåt. Fylg med på www.gamalost.no for meir detaljar om programmet.

Både medlemer og dei som elles vil kan delta på årsmøtet. Påmelding på Gamalostlaget sin stand framfor meieriet under Gamalostfestivalen. Viss du ikkje har meldt deg på, møt likevel.

Deltakaravgift for ikkje-medlemer er kr 300. Desse blir automatisk medlem i Norsk Gamalostlag og kr 200 av deltakaravgifta blir brukt til årskontingent for 2022. Deltakaravgift for medlemer er kr 100.


Lat att