I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Konsert i Hove kyrkje

Angedalen brunns-sextett

Tidspunkt for arrangement: 19:00, 26. mai 2023
Festival program

Fredags kveld under Gamalostfestivalen skal 6 messingblåsarar og ein trommeslagar laga godlyd i Hovekyrkja.

Sekstetten med 7 (!) røynde musikarar har til vanleg base i Førde. Gruppa har fordjupa seg i ein musikktradisjon som oppstod rundt dei mange kurbada, eller «brunnane» i Sverige på 1800-talet. Musikken var del av ei helse- og velværepakke med massasje , gytjebad, mosjon og sunt kosthald – og messingblåsarar! Ved kurbadet «Medevi Brunn» utanfor Motala kan gjestane enno nyta messingmusikk ! Med tidsrette antrekk og instrument tek ensemblet publikum i Hovekyrkja med 150 år attende, til stemninga i kurbada si stordomstid . Vegvisar på denne musikalske tidsreisa er Arne Hammer, ensemblet sin åndelege leiar.

Nei, det vert ikkje gytjebad og massasje, men ei musikalsk høgtidsstund, med musikk som Peter Andreas Blix ville kjent att, om han kunne høyra i si grav under kyrkjegolvet.

Billett 300 kr. Førehandssal på nett. Evt. ledige billettar i salg ved inngang.

Foto, ,frå venstre:
Are Mangersnes – Tenorbasun
Johan Bengtsson - Tenorhorn
Ingjerd M. Hjelmeland – Althorn
Sven Bertil Taube (Gjest!)
Trude Skarvatun - Eb kornett og
musikalsk leiar
Arvid Anthun
Arne Hammer –Trommer m.m.

Bilettar vert snart lagd ut for sal.



Ekstern: Bilettsal
Lat att